måndag 19. november 2007
AFRIKA!
Torsdag fekk vi vere turistar litt forst? vi reiste til eit hotell og bada/solte oss i nokre timar. Farge blei det lite av, men i godt over 30 varmegrader, og med ei luft du nesten kan skjere i fordi ho er saa fuktig var det godt aa kunne sitte i skuggen, og bade litt. Vi var innom ein turistmarknad, og reiste etter det for aa besoke familien til ein mann som nettop var dod. Han hadde vore med paa nokre radioprogram som NLM produserer, og det var visst naturleg aa gaa for aa kondolere. Folte meg ikkje heilt tilpass der, men men... Vi reiste vidare fraa den familien, og besokte ein mann som var onkel til ein gubbe. Der blei vi vitne til ein real krangel, litt skummelt men ganske morsomt! Paa kvelden var vi innom ei HIV/AIDS-markering (eit av prosjekta til kvitsundrussen). Det var goy aa faa vere med paa. Medan vi var der var det mange ungar som begynte aa klasse paa haaret litt. Vi fekk vite det var fordi dei ville sjaa om det var ein parykk!!!
Fredag var vi paa besok hos dei som organiserer alfabetiseringsprosjektet vaart, og vi besokte organisasjonen som er med paa HIV/AIDS-opplegget. Det er ganske slitsamt naar nokon sit og snakkar til deg, og du ikkje forstaar eit kvidder av det dei seier! Alt her nede gaar paa fransk, det er ingen som kan engelsk her. Misjonaeren vi hadde med oss fungerte derfor som ein tolk. Daa desse mota var ferdige var baade eg og Katarina heilt skutt, saa i staden for aa bade reiste vi til gjestehuset og sov. Seinare paa kvelden var vi paa ein skule der lese- og skriveopplaeringa er. Det var ikkje mykje av borgarkrigen i Elfenbenskysten vi fekk merke paa kroppen, men noko var det. Over alt i byen var det politi, dei stoppa oss heile tida og skulle sjaa papira til bilen. Ei gong blei dei beslaglagt, saa resten av dagen koyrde vi utan papir... Ikkje bra!!
Eigentleg skulle vi ta fly til Bamako (Mali) i dag (mandag), men for nokre veker sidan maatte misjonaerane koyre til Abidjan fordi flyplassen i Bamako var stengd. Og, ein bil som hqr koyrd ned maa koyre opp att! Saa, heile laurdagen og sondagen har eg sitte i ein bil og humpa oppover mot Mali. Det var slitsamt, spesielt i Elfenbenskysten der vi blei stoppa av politi tre ganger for kvar by og tre ganger etter - det er ganske mange (lands)byar der!! For aa forklare kor daarlege vegane til tider var, kan det kanskje hjelpe viss eg seier at den forste dagen passerte vi 3 velta trailarar. Dei hadde provd aa svinge unna hola i vegen, men det funka tydelegvis ikkje heilt! Etter 124 mil paa daarlege vegar, og 20 timar i harde bilseter var vi i gaar kveld framme i Bamako. Vi kom akkurat tidsnok til aa faa med oss kakane i bursdagsselskapet til ein av misjonaerungane. Der var alle misjonaerane NLM har i Mali, saa no har eg helsa paa alle dei...
I dag (mandag) skal vi ut paa marknaden, men forst skal vi bli tatt imot paa kontoret, ikkje spor kva det betyr! I morgo skal vi til Narena, der skal vi vere til torsddag (HAH, INGEBJOERG!!!) Trur dette blir einaste inlegget mitt medan eg er her, har ikkje tilgang paa internett eigentleg. Dette blei frykteleg langt og kjedeleg, men eg skal prove aa legge ut bilder her naar eg kjem heim att!!!
søndag 11. november 2007
guess what, I'm here again!
søndag 4. november 2007
oppdatering, oppdatering, oppdatering..
søndag 30. september 2007
her igjen:D
Eg har komme vidare på kjøreopplæringa, glatt- og langkjøring neste... Gøy!
I helga var eg i bursdagen til pappaen min, gamle gubben hadde stort selskap med 40 gjester, mykje god mat og masse underhaldning. Veldig godt å komme heim for første gang sidan sommerferien, familie er godt å ha i tider når livet er slitsomt/tragisk!
Fekk forresten ei kjempeskummel melding på fredag, eg er plukka ut til å reise til Mali og Elfenbenskysten for russen på skulen, i november. Søknad om visum skal fyllast ut i morgo, helsestasjonen skal ringast til for å vite om nødvendige vaksiner osv. Kort oppsummert: eg er kjempespent og litt redd..
fredag 31. august 2007
Skule, skule og atter skule
I løpet av to veker nå har eg skrive min første stil som tredjeklassing. Dikttolking er noko dritt, men kva gjer eg når alle dei andre oppgåvene er endå verre? Eit problem til ettertanke. Dublettet eg kom på (sammen med Ingebjørg) er ganske høgfrekvent har vi funne ut etter kvart. Men, er det ikkje sånn det skal vere da? Bortsett frå dette kan eg meddele til alle som ikkje har fått det med seg et eg har fått dataen min. O fryd, bare litt kjipt at vi ikkje har internett på romma...
Neste veke har vi den første prøva for i år - historie. Det er såååååå godt å kjenne på at arbeidsmengda som har vore til tider laber i sommer begynner å vokse oppover igjen. Nyter forresten å ikkje vere heime for tida, lurer på om det blei litt for mykje familie i sommer...
Adios!
fredag 17. august 2007
Snørr, tårer og pakking.
Fekk til og med kjørt litt i dag, måtte ned på butikken for å robbe mamma for litt penger (og ho stilte velvillig opp:D ) Eg veit forresten kva for ei fløy eg kjem på. Ganske fornøgd, men eg savner nokre folk der. Har sånn ca kontroll på kvar alle guttene i 2. klasse og alle i 3.klasse skal. Inside information er kjekt (Ingebjørg har tjustarta skuleåret og kom ned i dag)!
Bortsett frå det har eg prøvd å pakke litt i dag. Det er ganske vanskeleg å konsentrere seg om pakkinga, tenk om alle kleda bare kunne fly ned i bagen av seg sjølv! Det var forresten eit hjartesukk:P Begynner vel kanskje å bli ferdig etter kvart. Det er strengt tatt ikkje meir enn 2 timer heim, og eg kommer vel kanskje til å reise heim eit par helger i løpet av hausten... Trur nok det ja!
torsdag 16. august 2007
Mine drømmer - KNUST!
Litt tilbake i tid nå: i går var den store dagen her heime. Første kinoen etter sommeren, ikkje ringare enn "Harry Potter og Føniksordenen". Bygdekinoen lenge leve! Dei har til og med begynt å selge godteri der, ei stor forandring frå tidlegare tider...onsdag 15. august 2007
måndag 13. august 2007
SSSS (Sigrun som søppelmann(dame) skurrer)
Skjønnheten og ???
onsdag 8. august 2007
Karius og Baktus
Tannl (på kristiansandsk): "Ja se hær ja, du har en streng bak tenna ettår reguleringa du hadde!"
Sigrun: "mhm"
T: "Dæn ska vi ta vækk i da tror æ nok"
S: "mhm"
T (finn fram bor og andre skumle remedier): "Vi må få vækk noe av den plastiken som hållår strengen på plass" - begynner å bore
T: "De va mye plastikk hær" - lita pause med mykje boring- "De va veldi så mye plastikk denna reguleringstannlegen hadde satt på da!" - prøver å rykke ut strengen uten hell - "Hmm, æ får vel bare fortsette å bore."
Til slutt klarte tannlegen å rykke ut strengen, men det var enda mykje plastikk igjen bak tennane, som han satt æra si i å fjerne.
T: "De æ litt vanskæli å fjærne all denne plastikken, æ ser ikke hva som æ plastikk å hva som æ tænna dine"
S: "mhm" (Litt vanskeleg å si noko anna med fjeksten ulike verktøy i kjeften). (auuu - der bomma han tydlegvis på tanna, lurer på åssen resten av kjeven min ser ut nå..)
I alle fall: RESULTAT: Frykteleg med klumper som henger fast bakpå tennane mine, til stor frustrasjon. Må og legge til ei fantastisk ising som ikkje var der før. Trur jammen meg at tannlegen fekk med seg noko av tanna og!
Men, nok om det. I dag har vore ein dag med mykje fri og fire timer arbeid. Kan overleve det! Følte meg forresten ganske viktig i dag, eg har solgt sjokolade og brus til ikkje mindre enn tre ordførarar, nemleg ordføraren i Bykle, Valle og Evje og Hornnes. Ooohhh, eg e important person, skulle bare ha sagt det! Ellers er det ikkje mykje nytt å melde, dagane går som regel til å sove, lese og jobbe. Men: Gleder meg som ein gal til Kvitsund!!!
måndag 6. august 2007
Urettferdig!
Er litt stolt, for etter at eg las dei har pappa av alle i verden begynt å lese dei samme bøkene. Han er ferdig med ei allerede. (Til vanleg les han berre avisa..)
Men, i morgo er atter ein dag, jobben begynner klokka halv åtte, så eg får vel heller stupe i seng!
onsdag 1. august 2007
Sjallabais:D
Hørte dagens kommentar: "Det er noko gale ein plass når det er kaldare her (Bykle) enn det er på Svalbard!". Så sant som det er sagt!
Bortsett frå jobben i dag var det nokre naboar som forbarma seg over meg. Blei invitert på middag: kompe! Gjett om eg smilte og takka ja til invitasjonen!
Huff, på sommeråpent nå sitter dei og snakker om utviklinga til bia. Bzz, kjempeinteressant å vite korleis hjernen til bia utvikler seg, og så kjempeflott at det blir gitt forskningsmiddel til prosjektet! Skulle nesten trudd at staten hadde for mykje penger...
Hoh, skulle klyppe plenen i dag, men eg "gløymde" å kjøpe bensin i dag, og så går det ikkje an å klyppe plenen i regnver!! Synd... Trur eg overlever med alternativet som er å sitte foran peisen med ullteppe og drikke te!
Blei forresten beskyldt for å ha tusta bort noen papirer på jobb i dag. Trur egentlig ikkje dei er så viktige, men eg satser på at det bare er dårleg leiting som har ført til at dei ikkje fant arka dei skulle ha. Får ta meg ei leiterunde i morgo...
tysdag 31. juli 2007
Morgonfuglen vil ha eit ord...
Fekk beskjed då eg reiste frå Grimstad at det hadde vore fint om eg ville klyppe plenen heime. Tenkte eg skulle gjere det i dag, men så ringte Solveig, og så var det ikkje meir bensin igjen. Eg gidder ikkje vere meir på bensinstasjonen enn nødvendig, og dropper derfor planane om plenklypping i dag, det kjem ein dag i morgo og!
Eit glimt frå sommarferien: eg, Ellen Kristine og Ingvild på båttur utanfor Grimstad. Litt forblåste kanskje?
måndag 30. juli 2007
på'an igjen...
I løpet av 3 veker med ferie har vi hatt 4 dager med sol, dei blir hugsa med glede! Eg har strengt tatt ikkje gjort noko som helst i ferien, bortsett frå ein ting: TEORIEN ER BESTÅTT!! Var heilt overbevist om at det kom til å gå totalt i dass med stryk osv, men klarte meg heilt fint. 11. juli er ein merkedag, folkens! Må vel kanskje innrømme at eg er ein smule stolt over at eg hadde ein feil mindre enn den o store klisterhjernen Ingebjørg :D
På hytta (Eskedal) har vi ein gammal steinbakerovn (ein sånn som du varmer opp med å ha bål inni ovnen til steinane e kvite, og så tar ut av gløra og så steiker). I den har vi baka myyyykje godt i sommer, eg må innrømme at eg følte meg som ein storbakar dei dagane eg har prestert å steike 9 heimelaga pizzaer i tillegg til boller og brød i ovnen. Gama!
Dei nesten siste dagane av ferien var eg leder på leir. Havglimt er ein genial leirplass, ligg på ei øy mellom Lillesand og Kristiansand, og eg må ha i alle fall ein tur til Havglimt kvart år for at det skal bli sommer. På leiren eg var på var deltakarane mellom 1. og 4. klasse, og dei fleste av ledarane var litt for unge synes eg. Men, litt moro var det, eg blei kalt for "dama" av noen av guttane. Så - nå veit alle det: eg er ei dame:P
Då eg kom heim i natt (Ja vi elsker Setesdalsekspressen som legger opp bussane sånn at dei er i Bykle ca klokka 24.00 når eg skal vere på jobb klokka halv åtte neste dag) fann eg etter kvart posten. Der var enda ei bekrefting på at eg er "voksen". Eg har nemleg fått valgkort, som sier at eg kan stemme! Eg, mamma og pappa... ja ja:D
Ein siste ting før eg gir meg for dagen: Då eg såg på gradestokken i dag rundt klokka 7 var det 5 - FEM! grader ute. mmmmm, vi snakker slutten av juli, og det er oktober/november-temperaturer!!! Eg er ikkje heilt sikker på om eg er heilt overlykkeleg... For alle interesserte kan dere stikke innom yx Bykle dei neste tre vekane, denne veka kvar dag mellom halv åtte og fem, og du kan møte ei frityrstinkande Sigrun.. Så var invitasjonen sendt....
NB: bilder kjem seinare!
søndag 8. juli 2007
Sommer, sol, Sørlandet!
I dag var eg forresten på gudsteneste, og det var ikkje berre ei gudsteneste, den var i den gamle kyrkja. Første gang sida den nye kyrkja var ferdig i 2004 (OK, eg skal ikkje begynne omvisning for dere!).
For nokre dagar sidan fekk eg forresten ein privat orgelkonsert. Det kom ein ganske ung mann inn på jobb og ville prøve orgelet. Det var heilt greitt, og han spelte nokre melodiar. Etterpå forflytta han og kona seg ned til den nye kyrkja. Der fekk han ikkje spele, noko som førte til at han kom opp til meg med det mest tiggande blikket eg har vore ute for på ei god stund, og spudre om han kunne vere så snill å få lov til å spele på det nye orgelet. Eg digger som (kanskje) kjend orgelmusikk så det gjorde ikkje meg så mykje å overlate alt av arbeid til Ragnhild og vere med ned i den nye kyrkja for å låse opp og passe på medan han spelte. Tanken var at han kanskje skulle spele 2 melodiar, men det meinte tydlegvis ikkje han, som hadde ein stor bærepose med notar. Jaudå, eg blei sittande der i ein time og høyre på. Det var berre heilt fantastisk! Det viste seg at gubben studerte orgelmusikk og visste kva han gjorde!
Men, ellers har det ikkje skjedd noko nevneverdig. Herved legg eg bloggen min brakk for ein periode på nokre veker, får heller komme sterkare tilbake etter ferien. Mi talast (tytast)!
torsdag 5. juli 2007
What to say?
NRK er ganske monarkivenlege. Dronning Sonja har som heilt sikkert alle har fåt med seg bursdag, og har vore på Sørlandet i dag. Sjølvsagt med stoooor dekning på NRK Sørlandet.
Så - over til noko positivt: Eg har tre dagar igjen på jobb, så er det sommerferie! Har begynt å pakke, papsen og Ingvild reiser til Grimstad med nesten alle kleda mine i morgo. På søndag kjem mamma og Olav Magnus heim frå pilegrimsferd til Røldal. Før dei er heime igjen må huset vere heilt rydda, og romet til O. Ma ferdig måla. Gjett kven som må trø til?
Og så: Kjære Solgunn (viss du les dette). På laurdag flaug eg over vår felles kommunegrense Blåsjø. Tenkte på deg då, sjølv om du antakeleg ikkje er heime...
Til slutt i dag har eg nokre bilete som de skal få nyte, nemleg familiebilen. Sjå og nyt:
Denne kjære kjerra er ei kasse med symaskinmotor. Veldig vakker:P Det hjelper ikkje nemneverdig at viftereima er så laus at bilen hyler uansett korleis ein køyrer. Utsjånaden blei pynta på først med at Ragnhild klarte å dra ei stylte langs sida, mamma køyrde litt for nerme ein bom, og til slutt at treet i Kr. sand ikkje klarte å flytte seg då mamma skulle rygge... Det offisielle namnet er "Bulk og hyl", eit namn som seier ganske mykje om personligheten (bileligheten) til kjerra... Trur dette er ein potensiell russebil til våren (viss den fortsatt vil starte da..), treng berre litt raud beis...
tysdag 3. juli 2007
Over: Fiskaren Olav Magnus i fjor (kanskje ingen størrelse å skryte av, men). Under: Ingvild den svømmande (fisken?).
Dei siste dagane har det regna ganske kraftig her heime, det er ikkje heilt bikiniver her for å si det sånn! Kalenderen seier at det er starten av juli nå, men med under 10 grader på morgonen og kvelden skulle ein ikkje tru det.
søndag 1. juli 2007
Home again!
Vi kom oss faktisk heilt til Glasgow før noen av dei voksne i korpset begynte å bli litt på ein snurr. Trur dei hadde det gøy på bussen, like gøy var det ikkje for oss andre som sat og høyrde på fyllesnakket! Vi budde på ungdomshostel i Stirling, ein liten by der det yngste huset sikkert blei bygd på 1400-talet. Det einaste guiden snakka om var i alle fall dei store og små steinhusa på kvar side av vegen som var bygd på 1300-talet. Vi såg til høgre og venstre heile tida, ikkje langt frå kink i nakken der, for å si det sånn!
Maten der vi b
udde minna ganske mykje om maten på Kvitsund, den var veldig fett!! Eit ganske stort problem var at vi ikkje tok på mat sjølv, og fekk derfor verdens største porsjoner!! Dagane kan lett oppsummerast sånn: tidleg frukost, opp og skifte til uniform, ut og spele, fri til handling på ettermiddagen, middag, dei voksne gjekk på pub (bortsett frå 2-3 voksne reiseledere som satt igjen med drittungane på hostellet:P). Ein dag var vi til Edinburgh (som skal uttalast Edinbårråw fekk vi vite av guiden som lo av folk som sier det anderledes). Ein veldig fin by!Jauda, på fredagen var vi med på ein festival i Bo'ness som det einaste norske korpset. Var med i ei laaaang parade. Trur vi var nummer 25 i rekka og det var innslag bak oss! Det kulaste med den paraden var alle sekkepipe"korspa". Digger sekkepipe har eg funne ut (kanskje ikkje på CD, men kult i levande live). Det var sikkert 10 sekkepipe"korps" der med menn i
kilt. RÅTT!!!! Denne fantastiske paraden var på 3,5 km. Eg har funne ut noko: Det er greitt å gå 3,5 km. Det er greitt å marsjere. Det er greitt å spele trombone. Kombinerer du desse tre tinga i lag med nesten bare oppoverbakker får du eit resultat som ikkje er fullt så greitt!! Han som gjekk fremst til venstre (for dei uinnvigde: han som bestemmer tempo for heile korpset) fekk noko som nesten kan kallast eit astma-anfall og hoppa ut av korpset etter kvart. Kven måtte då ta over plassen?? Jo, akkurat: Sigrun. Veit ikkje heilt korleis det gjekk, men fekk i alle fall ikkje klager etterpå!
I forgårs (laurdag) reiste vi heim att. Starta litt før klokka 9 frå Stirling, og var heime i Bykle litt over klokka 10 på kvelden. Det betyr ca 13,5 timer med reising!! For å si det sånn så var eg glad då vi kom heim!!
Og så, i går klokka halv 11 var eg på plass i kyrkja for å ta imot turistar. *pes*

Eg fann meg skottar med kilt og sekkepipe, nokre av dei var kanskje litt unge...


Underholdning siste kvelden: Anne Liv og Sigrun.. Ganske tragisk!!
søndag 24. juni 2007
Skottland og litt til...
måndag) klokka halv åtte reiser vi frå Bykle mot Torp, for til slutt å kunne sette beina våre i Skottland. Det er heilt sikkert meininga at eg skal glede meg, men eg kan ikkje si at eg ser så veldig fram til turen. Det blir sikkert heilt topp når vi kjem fram, men 6 timer i ein minibuss frå gamleheimen er ikkje det som frister meg mest for tida! Eit lyspunkt er turen vi skal ha til Edinburgh med heile ettermiddagen fri. O fryd!! Har også store planer om å finne meg ein skotte med sekkepipe og kilt der borte (eller?). fredag 22. juni 2007
I'm swimming in the rain :D
går, då var eg den perfekte søstera eg bør vere fleire ganger. Klokka var langt over leggetid for Ingvild og Olav Magnus (dei 2 yngste søskena mine), men då eg såg plaskregnet fekk eg dradd O. Ma ut av senga og ut på trampolina, der vi hoppa LENGE, og blei klissblaute. Fann forresten ut at takrenna på huset er knekt, så vi fekk oss ein fin dusj der :o). Etter kvart fekk vi lokka ut Ingvild og Ragnhild og, det var etter kvart fire klissblaute folk som hoppa og spratt rundt på trampolina. Stas! (Det trur eg naboen og syns, ho stod i vindauget og såg på). Vi klarte til og med nesten å få pappa ut, men han nøyde seg til slutt med å filme. Såg nok kor misunneleg han var, ja...
enge ein time før eigentleg stengetid i dag. Grunn: i helga blir det arrangert world-cup i orientering her. Det resulterer i at heile Bykle har sett ut som ein anleggsplass dei siste dagane, og i dag var det nermast krigstilstander. Alle vegane i bygda (nesten) var avsperra og fulle av parkerte biler eller folk som stod og heia. Jauda, følte meg ganske idiotisk då eg måtte krysse plassen der alle folka var. For å sette det litt i proporsjoner kan eg si det sånn: Til vanleg bur det omlag 400 personar i Bykle. I dag var det 3000 personer med på world-cupen på ein eller annan måte. Sier seg kanskje sjølv at det var litt fullt her...torsdag 21. juni 2007
onsdag 20. juni 2007


p4-høring (jada, valle radio har skrudd på p4 igjen!)
måndag 18. juni 2007
Fri, fri og atter fri
Huff, det skumle er at eg faktisk nesten føler at eg blir trekt mot det store stygge holet! (Dette ser ut som eit av anleggsbilda til pappa, tru det eller ei, men det er den livredde Sigrun som er fotografen!)
Vel, eg kom meg opp att av juvet, og til slutt kunne eg skimte Stavenes i det fjerne. Fantastisk. Gjekk og vasa rundt i skauen der ei stund, måtte jo finne meg ein fin utsiktsplass. Det gjekk nesten, eg sat på ein stein ei stund, og kjende på at det er godt å leve!
Dette var utsikten: Bykle, den finaste bygda på jord (eller? kan ikkje sjå så mykje her då, men men).
Eg klarte til slutt å rote meg bort på eit jorde utan dyr, der eg sat og trakk pusten og åt nista. Det var ei god kjensle å vite at dei andre sat på skulen akkurat då!! På veg heim att fann eg ein gard som nesten kan komme inn under min og Ingebjørg sin kategori om "garden vår" (men bare nesten, Ingebjørg). Sjå og nyt.
Ellers har dagen vore fantastisk givande. Stikkord: Kulturskuleavslutning. Grøss og gru! Klarte å pine meg gjennom ein 1 1/2 times lang konsert der vi fekk høre eit x antal "Lisa gikk til skolen" med og uten feil. Heile grunnen til at eg klarte å dra meg til Hovden var at korpset skulle spele 2 stykker, og fordi eg skal vere med på korpsturen om litt mindre enn ei veke.. Takk og pris så redda Anne Liv meg, vi var typisk ramp på bakerste benk, som dissa alle som spelte. 3 timer etter at vi reiste heimanfrå var vi heime igjen, men då var det allereie kveld!
Så, kva har eg fått ut av denne sårt etterlengta fridagen?? Ikkje eigentleg så mykje, men livet består vel kanskje berre av sånne korte, gode men kjedelege dagar? Noko som i alle fall er sikkert, er at dette var dagens filosofiske spørsmål!!
søndag 17. juni 2007
I dag er det søndag, det skinner over jord..


laurdag 16. juni 2007
Dagens tanker er som følger:
en, ikkje noko galt i det, p1 hadde mykje interessant å fare med i dag (eller?). T.d. diskuterte ei dame frå dyrevernsorganisasjonen NOA med ein forfattar av ei kokebok om krabber kan kjenne smerte eller ikkje, om krabber har følelser. Kjære vene, fantastisk interessant å høyre på, dama meinte til og med at unger ikkje bør få lov til å fiske krabber på sommaren, og vi må i alle fall ikkje tenke på å ete dei!! Tenk på stakkars krabba, som ender sine dager i magen til Sigrun! Jaudå, kan kanskje innrømme at eg blei litt sur på den dama som vil øydelegge ein stor del av sommaren for mange unger, nemleg krabbefiske. Bortsett frå den diskusjonen fek eg og med meg mennene sin time, fantastisk at det går an!Eg klarte også å forville meg inn på ein konsert i dag. Eit kor frå Hardanger hadde forvilla seg til Bykle, og nokon måtte redde æra til familien og stille opp på det som skjedde. Resultatet blei at eg var ein av 15 personar som høyrde eit kor med over 25 personar synge. Musikken var fantastisk fin, vaksne mannen på sida av meg sat og tørka tårer, og han er ikkje den du til vanleg tenker deg at grin i tide og utide.
Og - for alle interesserte kan eg melde om at kanina lever enda. Det var nære på at eg gløymde ho i dag til morgonen, men kom på det eit halvt minutt før eg måtte gå... Viss nokon har lyst på ei selskapssjuk kanin er det bare å ta kontakt!!
fredag 15. juni 2007
Nederlendere og andre rariteter
sit eg og ser ut på den eminente isbilen som kjem hit annankvar fredag. Den fantastiske Norge rundt-melodien blir kasta tilbake mot husa her sikkert 3 ganger, som ekko frå fjella. Vakkert er nok eit passande ord for å beskrive den kulturelle opplevinga isbilen verkeleg er... Alle ungane i byggjefeltet her strøymer til for å sjå om det er nokon nye slag is på tilbod, medan foreldra helst gøymer seg under senga for å sleppe å måtte kjøpe is. Isbilen har forresten tatt seg ganske godt til rette her, parkerer på plassen hos naboen her, og står ei stund før han køyrer vidare. No har ungane kjøpt den isen dei skal ha, og spring heim for å torturere foreldra sine: "mamma, kan eg ikkje bare få EIN is til?".torsdag 14. juni 2007
Næmen, kva skjer?

Nei men sjå den budeia... jaudå, vanlege arbeidsklede dette, eller? Dette er frå i fjor, men trur ikkje noko har endra seg så mykje etterpå...
Og dette er arbeidsplassen min den første delen av sommeren.