måndag) klokka halv åtte reiser vi frå Bykle mot Torp, for til slutt å kunne sette beina våre i Skottland. Det er heilt sikkert meininga at eg skal glede meg, men eg kan ikkje si at eg ser så veldig fram til turen. Det blir sikkert heilt topp når vi kjem fram, men 6 timer i ein minibuss frå gamleheimen er ikkje det som frister meg mest for tida! Eit lyspunkt er turen vi skal ha til Edinburgh med heile ettermiddagen fri. O fryd!! Har også store planer om å finne meg ein skotte med sekkepipe og kilt der borte (eller?). søndag 24. juni 2007
Skottland og litt til...
måndag) klokka halv åtte reiser vi frå Bykle mot Torp, for til slutt å kunne sette beina våre i Skottland. Det er heilt sikkert meininga at eg skal glede meg, men eg kan ikkje si at eg ser så veldig fram til turen. Det blir sikkert heilt topp når vi kjem fram, men 6 timer i ein minibuss frå gamleheimen er ikkje det som frister meg mest for tida! Eit lyspunkt er turen vi skal ha til Edinburgh med heile ettermiddagen fri. O fryd!! Har også store planer om å finne meg ein skotte med sekkepipe og kilt der borte (eller?). fredag 22. juni 2007
I'm swimming in the rain :D
går, då var eg den perfekte søstera eg bør vere fleire ganger. Klokka var langt over leggetid for Ingvild og Olav Magnus (dei 2 yngste søskena mine), men då eg såg plaskregnet fekk eg dradd O. Ma ut av senga og ut på trampolina, der vi hoppa LENGE, og blei klissblaute. Fann forresten ut at takrenna på huset er knekt, så vi fekk oss ein fin dusj der :o). Etter kvart fekk vi lokka ut Ingvild og Ragnhild og, det var etter kvart fire klissblaute folk som hoppa og spratt rundt på trampolina. Stas! (Det trur eg naboen og syns, ho stod i vindauget og såg på). Vi klarte til og med nesten å få pappa ut, men han nøyde seg til slutt med å filme. Såg nok kor misunneleg han var, ja...
enge ein time før eigentleg stengetid i dag. Grunn: i helga blir det arrangert world-cup i orientering her. Det resulterer i at heile Bykle har sett ut som ein anleggsplass dei siste dagane, og i dag var det nermast krigstilstander. Alle vegane i bygda (nesten) var avsperra og fulle av parkerte biler eller folk som stod og heia. Jauda, følte meg ganske idiotisk då eg måtte krysse plassen der alle folka var. For å sette det litt i proporsjoner kan eg si det sånn: Til vanleg bur det omlag 400 personar i Bykle. I dag var det 3000 personer med på world-cupen på ein eller annan måte. Sier seg kanskje sjølv at det var litt fullt her...torsdag 21. juni 2007
onsdag 20. juni 2007


p4-høring (jada, valle radio har skrudd på p4 igjen!)
måndag 18. juni 2007
Fri, fri og atter fri
Huff, det skumle er at eg faktisk nesten føler at eg blir trekt mot det store stygge holet! (Dette ser ut som eit av anleggsbilda til pappa, tru det eller ei, men det er den livredde Sigrun som er fotografen!)
Vel, eg kom meg opp att av juvet, og til slutt kunne eg skimte Stavenes i det fjerne. Fantastisk. Gjekk og vasa rundt i skauen der ei stund, måtte jo finne meg ein fin utsiktsplass. Det gjekk nesten, eg sat på ein stein ei stund, og kjende på at det er godt å leve!
Dette var utsikten: Bykle, den finaste bygda på jord (eller? kan ikkje sjå så mykje her då, men men).
Eg klarte til slutt å rote meg bort på eit jorde utan dyr, der eg sat og trakk pusten og åt nista. Det var ei god kjensle å vite at dei andre sat på skulen akkurat då!! På veg heim att fann eg ein gard som nesten kan komme inn under min og Ingebjørg sin kategori om "garden vår" (men bare nesten, Ingebjørg). Sjå og nyt.
Ellers har dagen vore fantastisk givande. Stikkord: Kulturskuleavslutning. Grøss og gru! Klarte å pine meg gjennom ein 1 1/2 times lang konsert der vi fekk høre eit x antal "Lisa gikk til skolen" med og uten feil. Heile grunnen til at eg klarte å dra meg til Hovden var at korpset skulle spele 2 stykker, og fordi eg skal vere med på korpsturen om litt mindre enn ei veke.. Takk og pris så redda Anne Liv meg, vi var typisk ramp på bakerste benk, som dissa alle som spelte. 3 timer etter at vi reiste heimanfrå var vi heime igjen, men då var det allereie kveld!
Så, kva har eg fått ut av denne sårt etterlengta fridagen?? Ikkje eigentleg så mykje, men livet består vel kanskje berre av sånne korte, gode men kjedelege dagar? Noko som i alle fall er sikkert, er at dette var dagens filosofiske spørsmål!!
søndag 17. juni 2007
I dag er det søndag, det skinner over jord..


laurdag 16. juni 2007
Dagens tanker er som følger:
en, ikkje noko galt i det, p1 hadde mykje interessant å fare med i dag (eller?). T.d. diskuterte ei dame frå dyrevernsorganisasjonen NOA med ein forfattar av ei kokebok om krabber kan kjenne smerte eller ikkje, om krabber har følelser. Kjære vene, fantastisk interessant å høyre på, dama meinte til og med at unger ikkje bør få lov til å fiske krabber på sommaren, og vi må i alle fall ikkje tenke på å ete dei!! Tenk på stakkars krabba, som ender sine dager i magen til Sigrun! Jaudå, kan kanskje innrømme at eg blei litt sur på den dama som vil øydelegge ein stor del av sommaren for mange unger, nemleg krabbefiske. Bortsett frå den diskusjonen fek eg og med meg mennene sin time, fantastisk at det går an!Eg klarte også å forville meg inn på ein konsert i dag. Eit kor frå Hardanger hadde forvilla seg til Bykle, og nokon måtte redde æra til familien og stille opp på det som skjedde. Resultatet blei at eg var ein av 15 personar som høyrde eit kor med over 25 personar synge. Musikken var fantastisk fin, vaksne mannen på sida av meg sat og tørka tårer, og han er ikkje den du til vanleg tenker deg at grin i tide og utide.
Og - for alle interesserte kan eg melde om at kanina lever enda. Det var nære på at eg gløymde ho i dag til morgonen, men kom på det eit halvt minutt før eg måtte gå... Viss nokon har lyst på ei selskapssjuk kanin er det bare å ta kontakt!!
fredag 15. juni 2007
Nederlendere og andre rariteter
sit eg og ser ut på den eminente isbilen som kjem hit annankvar fredag. Den fantastiske Norge rundt-melodien blir kasta tilbake mot husa her sikkert 3 ganger, som ekko frå fjella. Vakkert er nok eit passande ord for å beskrive den kulturelle opplevinga isbilen verkeleg er... Alle ungane i byggjefeltet her strøymer til for å sjå om det er nokon nye slag is på tilbod, medan foreldra helst gøymer seg under senga for å sleppe å måtte kjøpe is. Isbilen har forresten tatt seg ganske godt til rette her, parkerer på plassen hos naboen her, og står ei stund før han køyrer vidare. No har ungane kjøpt den isen dei skal ha, og spring heim for å torturere foreldra sine: "mamma, kan eg ikkje bare få EIN is til?".torsdag 14. juni 2007
Næmen, kva skjer?

Nei men sjå den budeia... jaudå, vanlege arbeidsklede dette, eller? Dette er frå i fjor, men trur ikkje noko har endra seg så mykje etterpå...
Og dette er arbeidsplassen min den første delen av sommeren.