Bloggen min begynner å likne skummelt på bloggen til Grethe, som aldri blir oppdatert. Så, dette er eit forsøk på å gjøre det betre... Sidan sist har det skjedd ganske mykje rart, blant anna hadde vi innsamling for russeprosjektet på Dyrsku'n. Resultat: 171800 kroner!! Er ikkje det sjukt at vi folka på rundt 18 år klarer å organisere noko sånnt? Gjett om det var høgare makter som hadde ein finger med i spelet....
Eg har komme vidare på kjøreopplæringa, glatt- og langkjøring neste... Gøy!
I helga var eg i bursdagen til pappaen min, gamle gubben hadde stort selskap med 40 gjester, mykje god mat og masse underhaldning. Veldig godt å komme heim for første gang sidan sommerferien, familie er godt å ha i tider når livet er slitsomt/tragisk!
Fekk forresten ei kjempeskummel melding på fredag, eg er plukka ut til å reise til Mali og Elfenbenskysten for russen på skulen, i november. Søknad om visum skal fyllast ut i morgo, helsestasjonen skal ringast til for å vite om nødvendige vaksiner osv. Kort oppsummert: eg er kjempespent og litt redd..
søndag 30. september 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)