måndag 23. juni 2008

Tamtitei

DrrrrrrrBOFF, då var bloggen min offisielt opna for trafikk att. Håper at dei fleste har fått med seg at eg kom meg trygt heim att frå Mali...



Det einaste eg har i hodet for tida, er avslutninga på Kvitsund, som var på laurdag. Fantastisk trist, men ei fin avslutning på tre utruleg bra år!! Men, før sjølve avslutninga var det vaskedagar, der Ingebjørg fann utruleg mykje interessant på badet vårt. Eit bilde verdt i alle fall... Ein ting som er sikkert er at eg kjem til å sakne å torturisere denne jenta kvar dag, med hyl, skrik og høgfrekvente nattasanger. Men, eg får vel muligheten igjen viss eg vil...



For folk som ikkje e veldig oppdaterte, kan eg opplyse om at eg skal til Nepal til hausten. 6 mnd frå oktober til april er fasitsvaret på kor lang "turen" blir. Før og etter skal eg tilbringe tida mi på Hald Internasjonale Senter i Mandal, så til hausten har eg muligheten til både å bli sørlending og nepaleser... Veit ikkje heilt kva som er mest attraktivt, eg... Takk og pris skal nokon andre frå Kvitsund også til Hald, det var ganske digg å sleppe å si hadet til Hilde og Liv Astrid etter Kvitsund. Vi skal eige alle dei andre til hausten, eller???


Ellers har eg begynt å jobbe, første arbeidsdag i går (søndag). Den aller første omvisinga eg hadde i kyrkja i år, var av alle ting på tysk. Håper det kan sette standarden for sommaren litt, det er gøy å bruke språka ein "kan".. I går fekk eg forresten skryt av SMILEHOLA mine, trudde eg skulle dø, og venta bare på at ein viss mr. Hegna skulle komme inn med "lolers!", klarer ikkje komme bort frå kommentarar om dei små hola i kvar av kjakane mine, eg. Ellers er det greit, men kaldt på jobb, i går hadde det vore minusgrader på Hovden på natta, høgaste dagtemperaturen var under 10 grader, så eg gjekk og hakka tenner. Det er ikkje alltid like greitt å ha ein jobb der ein ikkje kan varme opp huset ein skal vere i...

Men, dette er allerede eit alt for langt innlegg, vil bare legge ved nokre blinkskot på slutten:










Kurt - eg ser deg... ...enda..






Bokbål.... Peter er veldig aktiv:P





Beste klassa ever!!
Til slutt må eg bare si 580 000 KRONER!!!! fatter ikkje at det går an, men det gjer det tydelegvis :D Desse pengane kjem garantert til nytte i Mali!!!