måndag 19. november 2007

AFRIKA!

Her kjem ei lita oppdatering fraa Mali. Dagane har gaatt som ein vind, eg har opplevd mykje spennande. Turen starta ikkje saa veldig bra, da vi kom til Gardermoen paa onsdagen fekk vi ikkje sjekka inn, dama i skranken fann ikkje billettane vaare. Det enda med at vi, etter nesten ein time, maatte kjope nye billettar til 10500 kroner per stykk. Grunnen til at ho ikkje kunne finne billettane vaare var at dei var blitt sletta! Nokre dagar for hadde nokon provd aa faa bekrefta at billettane skulle brukast, men hadde ikkje faatt kontakt med nokon. Difor hadde dei berre sletta bestillinga. Eg fatter ikkje at det gaar ann! Uansett, vi kom oss til slutt inn paa flyet; og 14 timar seinare var vi i Abidjan (etter venting i Paris og to flyturar). Daa vi kom ut av flyplassen slo lufta mot oss som ein vegg. Eg har ikkje vore borti saa fuktig luft for? og med 30 grader i tillegg var det ikkje greitt aa vere liten, stakkars nordmann, kledd for vinter... (Naar eg skriv vi heile tida meiner eg meg og Katarina).

Torsdag fekk vi vere turistar litt forst? vi reiste til eit hotell og bada/solte oss i nokre timar. Farge blei det lite av, men i godt over 30 varmegrader, og med ei luft du nesten kan skjere i fordi ho er saa fuktig var det godt aa kunne sitte i skuggen, og bade litt. Vi var innom ein turistmarknad, og reiste etter det for aa besoke familien til ein mann som nettop var dod. Han hadde vore med paa nokre radioprogram som NLM produserer, og det var visst naturleg aa gaa for aa kondolere. Folte meg ikkje heilt tilpass der, men men... Vi reiste vidare fraa den familien, og besokte ein mann som var onkel til ein gubbe. Der blei vi vitne til ein real krangel, litt skummelt men ganske morsomt! Paa kvelden var vi innom ei HIV/AIDS-markering (eit av prosjekta til kvitsundrussen). Det var goy aa faa vere med paa. Medan vi var der var det mange ungar som begynte aa klasse paa haaret litt. Vi fekk vite det var fordi dei ville sjaa om det var ein parykk!!!

Fredag var vi paa besok hos dei som organiserer alfabetiseringsprosjektet vaart, og vi besokte organisasjonen som er med paa HIV/AIDS-opplegget. Det er ganske slitsamt naar nokon sit og snakkar til deg, og du ikkje forstaar eit kvidder av det dei seier! Alt her nede gaar paa fransk, det er ingen som kan engelsk her. Misjonaeren vi hadde med oss fungerte derfor som ein tolk. Daa desse mota var ferdige var baade eg og Katarina heilt skutt, saa i staden for aa bade reiste vi til gjestehuset og sov. Seinare paa kvelden var vi paa ein skule der lese- og skriveopplaeringa er. Det var ikkje mykje av borgarkrigen i Elfenbenskysten vi fekk merke paa kroppen, men noko var det. Over alt i byen var det politi, dei stoppa oss heile tida og skulle sjaa papira til bilen. Ei gong blei dei beslaglagt, saa resten av dagen koyrde vi utan papir... Ikkje bra!!

Eigentleg skulle vi ta fly til Bamako (Mali) i dag (mandag), men for nokre veker sidan maatte misjonaerane koyre til Abidjan fordi flyplassen i Bamako var stengd. Og, ein bil som hqr koyrd ned maa koyre opp att! Saa, heile laurdagen og sondagen har eg sitte i ein bil og humpa oppover mot Mali. Det var slitsamt, spesielt i Elfenbenskysten der vi blei stoppa av politi tre ganger for kvar by og tre ganger etter - det er ganske mange (lands)byar der!! For aa forklare kor daarlege vegane til tider var, kan det kanskje hjelpe viss eg seier at den forste dagen passerte vi 3 velta trailarar. Dei hadde provd aa svinge unna hola i vegen, men det funka tydelegvis ikkje heilt! Etter 124 mil paa daarlege vegar, og 20 timar i harde bilseter var vi i gaar kveld framme i Bamako. Vi kom akkurat tidsnok til aa faa med oss kakane i bursdagsselskapet til ein av misjonaerungane. Der var alle misjonaerane NLM har i Mali, saa no har eg helsa paa alle dei...

I dag (mandag) skal vi ut paa marknaden, men forst skal vi bli tatt imot paa kontoret, ikkje spor kva det betyr! I morgo skal vi til Narena, der skal vi vere til torsddag (HAH, INGEBJOERG!!!) Trur dette blir einaste inlegget mitt medan eg er her, har ikkje tilgang paa internett eigentleg. Dette blei frykteleg langt og kjedeleg, men eg skal prove aa legge ut bilder her naar eg kjem heim att!!!

søndag 11. november 2007

guess what, I'm here again!

jauda, langhelg kan vere godt å ha innimellom, vere heime kan og vere godt. Trur vinteren har komme for fullt, i alle fall heimi Bykle. I går klokka halv eitt på formiddagen var det 1 minusgrad ute, klokka 21 var det 8 minus.. Trur det kan kallast start på ein vinter! Snøen ligg på plenen, ikkje mykje, men 2 cm er og snø, vegen er isete, strøbilen har vore ute, og i peisen er det nesten konstant fyr...
Bortsett frå det har eg funne ut at det er farleg å gå i kyrkja, ein risikerer å miste deler av kroppen sin, som f.eks. tommelen. Eg er eit levande vitne på nesten akkurat det. Etter gudstenesta i dag skulle eg nemleg ein snartur inn i kyrkja igjen etter å ha vore ut til den låste bilen. Lukka opp døra inn til kyrkja, og la ikkje merke til at tommelen hang fast før eg gjekk lenger inn i rommet. Eit stikkord er AU!! Det nederste leddet av tommelen min er i skrivande stund (3 timer etter den skrekkelige opplevelsen) BLÅ og RAUD!!, litt lenger opp på fingeren mangler det ei skinnfille. Kort sagt kan tommelen på den høgre handa mi ikkje bli brukt, det gjør heilt fantastisk vondt nemleg. Så, då er det berre å håpe og be for at den ikkje er brekt, for viss den er det, går både måndag og tysdag litt skeis med det eg skal gjere då. Paracet er forresten kanskje redninga....
Apropo paracet, sidan sist eg skreiv her har noko fantastisk skjedd., Eg har nemleg lov til å kjøpe paracet på butikken, det kan berre dei myndige, vaksne:P Eit splitter pittert nytt visakort er og henta i banken. For dei treige av oss - JA, EG HAR BLITT MYNDIG!

Malituren er og under kontroll, i går pakka eg nesten ferdig. Til no har eg ca. 30 kg bagasje, og det blir meir. Håper vektene eg har fått oppgitt (2x23 kg) stemmer, viss ikkje sliter eg ganske heftig med overvekt på bagasjen...
Men, søndagsmiddagen venter (lutefisk, nam!!!), så dere får vente i stor spenning til neste oppdatering, som kanskje kjem innan eitt år viss dere er heldige... Adios!

søndag 4. november 2007

oppdatering, oppdatering, oppdatering..

Jada, ettersom det har komme hint om ønsker om ei oppdatering på bloggen får eg vel prøve å gjere dei nysgjerrige tilfredstilt. Her har det skjedd mykje etter den 30. september, litt av det må eg vel prøve å nevne her. Visum til Mali og Elfenbenskysten er ordna, sprøyter/vaksiner er tatt (legg merke til fleirtal, TRE sprøyter), drikkevaksina ligg i kjøleskapet og ventar på onsdag og i går var eg i Kvteseid og svei av nesten 1000 kroner på apoteket. Malariatabletter er DYRT folkens! Det begynner endeleg å gå opp for meg at eg skal på tur langt utanfor Kviteseid (og Bykle) sine grenser, det er litt skremmande og veldig gøy! Det einaste som står att no er å komme heim i langhelga for å pakke sommarklede og hente visakort. Til slutt er det berre ei utfordring att, å finne fram frå busstasjonen til togstasjonen i Oslo, sjekke inn på rett fly og klare å bytte flyterminal i Paris. Men, kva er vel livet utan litt utfordringar?

Fekk eit tips om bilder eg kan ha her, frå helga nokre veker sidan. Men, bileta treng forklaring: Solveig fekk eit akutt anfall av sminkemani, og det endte med at eg var "offeret". Ikkje noko gale i det, var faktisk ganske gøy å sjå kor fin eg kan vere... Då vi kom ned på kaffibaren litt seinare var det fleire (vi nemner Signe, Hilde T og Martha) som ikkje kjende meg att, og på Lindetun skulle Kjetil A til å handhelse på "venninna til Solveig frå Fetsund" før han hørte då eg snakka at det kanskje var Sigrun han hadde sitte på sida av ei god stund. Det blei tatt før- og etterbilde, så eg seier berre NYT :P



Før Etter
Mhm, eg seier ikkje så mykje meir trur eg. Kan kanskje seie at det var ulike reaksjonar på resultatet...
Bortsett frå dette har det og skjedd litt av kvart, særemnet er i full gang, eg har mi oppgåve i livet på PR og dokumentasjons-gruppa, trur kanskje ikkje det er det eg skal arbeide med som vaksen, men eg overlever:D Om 4 dager er eg offisielt sett myndig, det er også litt skummelt. Lappen er også undervegs snart håper eg, men da har eg eit problem. Kva kan eg sjå fram til etter det? Forslag blir tatt imot med takk. Men, det var nok for i dag, eigentleg skulle eg gjere matte, engelsk og tysk for øyeblikket, så det er kanskje på tide å få gjort noko med saka. Tschüs!