tysdag 23. september 2008

Pause

I løpet av året på Hald har eg laga meg ein ny blogg der alle innlegga blir publisert, sjekk ut www.sigrun-i-nepal.blogspot.com

Der skal eg prøve å halde folk oppdatert på kva det er som skjer!

fredag 29. august 2008

Silent time

Her på Hald har vi ein halvtime fri kvar dag etter frukost før undervisning. Denne halvtimen blir kalla silent time, og vi kan bruke den som vi vil. Eg har ei fantastisk oppskrift (utvikla av meg sjølv) på korleis eg vil bruke denne tida:

1. Les Bibelen (10-15 min)

2. Be (ta deg litt tid, ikkje bare stress med å bli ferdig)

3. Sett på spor 9 på CD-en til Oslo Gospel Choir ("Gloria"). Denne sangen er velsigninga. Lukk att augo, helst hør på musikken med hørepropper for å stenge verden ute. Virkelig SLAPP AV, legg merke til teksten i sangen.


Dette har eg gjort kvar dag sidan eg kom til Hald, eg har aldri hatt bedre morgoner før! Heilt utruleg nydeleg å kunne legge dagen som ligg framfor i hendene til Gud, eg får ei heilt spesiell ro over meg etter denne halvtimen med egentid. Anbefalast!!

torsdag 21. august 2008

Nepali del 2

Nå er eg nettop ferdig med 2 timer språkundervisning. Dette er ikkje obligatorisk, men noko eg gjer frivillig opp til fleire gonger i veka. I tillegg til sjølvstudium. Yuhu, innsatsviljen er alltid på topp, det er i alle fall heilt sant og sikkert, sjølv om eg trur eg dropper det skriftlege i første sving....!
I morgo skal vi på båtur, typisk bli-kjent-tur til ein hemmeleg plass. Stas... Håper det fører til at eg lærer litt fleire namn i alle fall, kan kanskje ikkje skryte på meg at eg har den største hjernen når det kjem til å lære namn. Men, det viktigaste er å kunne namnet til dei på teamet mitt, og det er i boks :-) Når eg snakker om hjerne vil eg gjerne dele ei oppleving med mine trufaste lesarar: Kven hadde trudd at eg, Sigrun Egeland, kom til å savne matte? Ikkje eg i alle fall, men det er faktisk realiteten. Sit i timen og ønsker å kunne tørke støv av hjernen med litt algebra eller geometri eller sannsyn og statistikk! O fryd for dei heldige som får lov til det! Viss nokon har forslag til korleis eg kan opprettholde ein hjerne uten alt for mykje støv, hadde det vore bra å få svar!!


Likevel skal eg ikkje si noko på graden av utmatting. Trur det i alle tilfelle er ganske strevsamt å ha all undervisning på engelsk, og skulle forholde seg til alle rundt seg på engelsk. Men, det er bare å trøste seg med at dette bare er ein forsmak på korleis livet blir i Nepal. Gubban, eg skal til NEPAL! Det er bare heilt sprøtt, intet mindre... Vesle meg skal nesten til andre enden av jorda, det er i alle fall sånn det følest!Veit ikkje heilt om eg er klar for det, takker likevel for at vi har mykje god, interessant undervisning nå i forkant. Misjon, lederskap og fattigdom er hovudstikkorda. Du trur det kanskje ikkje, men dette er veldig interessante tema, og dei som foreles er veldig dyktige. Trur nok eg veks ein del på dette året uansett korleis det går eller ikkje går i Nepal! Men, då var det vidare i bloggsurfinga for i dag, må sjekke om det har skjedd noko i andre delar av verda!!!


Ståki!

søndag 17. august 2008

Nepali del 1

Miru nam Sgrun hå. Eg heiter Sigrun.
Ma kana khanchu. Eg et mat.
Timi kana kanchau. Du et mat.
Tapai kana khanuhuncha. Du et mat.


Hami khana khanchhau. Vi et mat
Timiharu khana khhanchau. De et mat.
Tapaiharu khana khhanuhuncha. De et mat.

Oh yeah! Eg er i gang!! Dette er kva eg skal kunne fram til i morgo eller noko slikt, i tillegg til å bruke andre verb og objekt. Språk er gøy, språk er frustrerande! Til nå har eg i alle fall ikkje funne kasus i dette språket, som i følge Bishnu ligner på indisk. EG SKAL SNAKKE INDISKLIGNAMENT I EIT HALVT ÅR! Korleis kjem dette til å gå?? Ikkje veit eg!

Telle til ti kan eg og, må kanskje avansere etter kvart, komme meg heilt til 20. Då skal eg vere fornøgd.

I dag har det vore gudsteneste i Mandal, mykje folk frå Hald var med. Fantastisk digg å vere i kyrkja igjen, orgelspelet var himmelsk, så eg var i godt humør etterpå :D Dagen fortsatte med nepali-kurs, det eg har vist over. I tillegg har eg lært to sanger, ein lokal nepalsk sang, og "Dette er dagen" - også på Nepali.

"Fjelltur" har det og blitt tid til i dag, men dette bildet er frå turen den andre dagen:
På veg opp til "toppen"

Da gaids er begge like fotogene:P Resten forklarer seg sjølv, eller eg forklarer neste gang. telefonen ringte nemleg...

fredag 15. august 2008

Hald!

Nå er eg altså her! Alt er nytt, spennande, annleis og utfordrande! Alt her går på (eller skal gå på) engelsk, det går som regel bra, men det er passe flaut å snakke engelsk framfor så mange som eg ikkje kjenner!!
For å starte med starten: På onsdag var eg med pappa på jobb. Vi reiste til Evje, og labba langt innover i skogen/fjellet. Til slutt kom vi inn til eit vatn (Gyvatn) der det blei gjort ei KOS-vurdering (eller noko slikt - kontroll og sikkerhet??) Då den var ferdig labba vi ned att, i øs pøs regnver og torever som skralla over hodet vårt... Ganske koseleg faktisk, det var ein veldig fin tur! Til saman gjekk vi mellom 15-20 km den dagen, altså ein kjempestart på eit skuleår... Eg kom til Hald og var ganske shaky i heile kroppen. Ho eg havna på rom med heiter Youa, ho er frå Laos og er ei knalljente. Ganske sjenert, men på morgonen kan vi prate i lag (Eg har funne nokon her som legg seg tidlegare enn meg, slå den!!!)
Det er ganske mange ulike folk her, mange ulike bakgrunner. Det er ganske godt å ha Liv Astrid til å prate med, i går var vi på tur til Mandal. Der var vi på oppdagelsesferd, vi fann eit utkikkspunkt der det var kikkert og eit slags "lysthus". Namnet på staden var Uranienborg, så nå veit du det!
I dag fekk vi oss faktisk den akkurat samme turen, det var 5-6 personar frå Afrika (Kenya, Uganda og Tanzania) som ville vere med opp til the utsiktspunkt. Derfor var guidane Litleskare/Egeland på plass med sitt store smil og utmerka engelsk. Alle kom seg heilskinna ned att, nesten... Er det ikkje bare typisk at når ein dreg med seg folk frå andre land på tur, møter ein på ein STÅLORM!!!! Folk hylte til, trudde det var ein giftig, farleg slange. Ikkje rart når dei er vande med svært farlege slangar til vanleg... Vi fekk beroliga, og i samme slengen forklart prinsippet bak den KJEMPEFARLEGE hoggormen:P
På skulen i dag hadde vi dobbelttime om ulike kulturar og deira sameksistens (eller noko slikt). Det var og litt fokus på korleis folk frå ulike stader ser ulikt på ting. Alt i alt ganske interessant! Etter det var det ein presentasjon av eigarorganisasjonane til Hald - NMS, Strømmestiftelsen og LAGET. Kvar org. hadde sin time til presentasjon, etterpå var det linjene som kvar for seg møtte den som hadde presantert organisasjonen. For NMS og Str.stiftelsen var det generalsekretæren, for LAGET var det onkelen min, Bendik. Sier litt om kor viktig han er :P
På Hald er det tre måltid til dagen, frukost (0800-0830), "lunch" (1300-1330), "Supper" (1730-1800). Etter dette - og mellom dette - er det ikkje noko mat å få, ganske hardt til tider, spesielt når det ikkje eksisterer noko slikt som eit fungerande fløykjøkken med komfyr! Men, vi overlever nok, akkurat som alle andre før oss!!
På neste innlegg skal det komme bilder, men akkurat nå er eg på datarommet uten tilgang til kabel frå kamera, så det får vere til neste gang!!!

laurdag 9. august 2008

Nytt innlegg

Ja ja, eg er klar over det, fantasien min har ingen grenser (sjekk overskrifta), men i dag har eg jobba full timelista mi, og det går utover hjernekapasiteten. Det er faktisk sant, timelista mi har 31 linjer eg kan skrive dager på, og i dag var ho full :o) Litt typisk er det at siste arbeidsdag er i morgo, og ei heil timeliste går med til å dokumentere EIN dag på jobb!! Men men, det er ikkje noko eg kan gjere med det. I dag hadde eg så mykje (lite) å gjere at eg sat meg ned og skreiv opp ein del av dei tinga eg irriterer meg over på jobb. Dei kjem her (nesten i prioritera rekkefølge):
-P4. Er du klar over kor mange gonger kvar dag dei speler kvar song? Eg trur i alle fall eg spyr snart. Spesielt den katzenjammersangen til Ane Brun og ein eller annan køntrifyr, den derre "lift me", og "nine million bicykles" av den andre dama. Lista over sanger som går på nervane mine er mykje lenger, men eg har aldri vore flink t å hugse namn på sanger og artistar (eller namn generelt..) Spel ein sang for meg, og eg skal gje beskjed om den går på P4!!

-Punkt to er kanskje noko eg bør bekymre meg i alle fall like mykje for: Turistar. Visste du at når turistar kjem til ein stad, så er det dei som er sjefen, og har plutseleg lov til å gå over alt. Advarselskilt gjeld viss ikkje der i garden! Døme: døra frå våpenhuset og inn i kyrkja er til vanleg lukka og låst når det ikkje er turistar, og vi guidane sit og følger med. På døra heng det eit A3-skilt med beskjed på norsk, tysk og engelsk om at folk ikkje må opne døra, men vente på omvisaren som har nøkkel. Det mest bisarre tilfellet eg har er ein mann som såg at eg kom med nøkkelen, men som likevel tok verkeleg sats, og røska HARDT i døra, så eg nesten såg korleis låsen blei herpa. GRRRRR! Drit i å øydelegge kyrkja mi!!
-Andre ting som kan gå på nervane til ein stakkar, er kollegaer som kjeder seg. Eg kan nemne: lyden på Edderkoppkabal begynner å bli slitsom etter 2 timer, og ei vifte som bråker meir enn 2.klasse i matsalen på Kvitsund bør kanskje og skiftast ut!

-Det hadde og vore greit om vi begge som arbeider samtidig kunne følge litt med, men det er kanskje litt for mykje forlangt:P Eg er i alle fall overbegeistra!

Nå skal eg slutte å syte! Det er fortsatt digg med ferie, på måndag har dei meldt 6 varmegrader, du det er deilig å bu i syden:P Men seriøst, det er faktisk ikkje så ille, lufta blir i alle fall klar og fin! Eg vurderer å få konto i Skandiabanken, dei har viss ganske bra betingelser for bruk av kort i utlandet, men veit ikkje kor mykje eg gidd styre med det. Dagen i morgo blir forresten ganske koseleg, ikkje bare er det siste dag på jobb, men Signe skal komme på besøk! Gler meg utruleg mykje til å treffe ho igjen, det er i alle fall sikkert!
Bortsett frå det er det kanskje ikkje så mykje å berette frå Bykle, skulestart er på onsdag, eg reiser heimanfrå klokka 10 på 7 på morgonen. Er i Kr.sand litt etter 10, skal møte Liv Astrid der, så reiser vi i lag til Hald. Skal bli fantastisk spennande å begynne på skule ein ny plass, men kanskje spesielt å reise til Nepal.. grugleder meg i alle fall:D

torsdag 7. august 2008

Ein sang for humøret mitt i dag:

We stand here together as a family,
we join hands together
lifting praises to the father above
for sending his son

We've chosen together as a family
to serve him forever
knowing nothing else will matter in time
we've made up our mind

Through the heat of the day
we will join in the fight
till he takes us away
to a place way up high
as for me and my house
we will serve the Lord

Choose you this day,
tell me who will you serve,
nothing stands in your way,
give the praise he deserves,
as for me and my house,
we will serve the Lord

We'll serve him
We'll serve him
We'll serve him
for he is worthy

We'll serve him
We'll serve him
We'll serve him
for he is worthy

Choose you this day,
tell me who will you serve,
nothing stands in your way,
give the praise he deserves,
as for me and my house,
we will serve the Lord.

Ut frå dette kan du sjølv finne ut korleis eg har det i dag....