Jaudå, her er eg igjen. Kvitsundlivet har tatt total overhånd på meg, og med eit totalt tragisk internatnett som ikkje kommer til å fungere dei neste 6 månadane vil eg ikkje tru det kjem til å bli mange oppdateringar.
I løpet av to veker nå har eg skrive min første stil som tredjeklassing. Dikttolking er noko dritt, men kva gjer eg når alle dei andre oppgåvene er endå verre? Eit problem til ettertanke. Dublettet eg kom på (sammen med Ingebjørg) er ganske høgfrekvent har vi funne ut etter kvart. Men, er det ikkje sånn det skal vere da? Bortsett frå dette kan eg meddele til alle som ikkje har fått det med seg et eg har fått dataen min. O fryd, bare litt kjipt at vi ikkje har internett på romma...
Neste veke har vi den første prøva for i år - historie. Det er såååååå godt å kjenne på at arbeidsmengda som har vore til tider laber i sommer begynner å vokse oppover igjen. Nyter forresten å ikkje vere heime for tida, lurer på om det blei litt for mykje familie i sommer...
Adios!
fredag 31. august 2007
fredag 17. august 2007
Snørr, tårer og pakking.
I dag var den siste arbeidsdagen min på texaco. Det var ganske trist egentlig, eg har tross alt jobba der frå hausten 2004. Men, livet må gå videre, eg kan ikkje fortsette å steike hamburgarar i all evighet heller! Denne siste arbeidsdagen var stikkorda snørr og tårer. Snørr (eg er forkjøla) og tårer (eg kutta opp mykje lauk i dag)...
Fekk til og med kjørt litt i dag, måtte ned på butikken for å robbe mamma for litt penger (og ho stilte velvillig opp:D ) Eg veit forresten kva for ei fløy eg kjem på. Ganske fornøgd, men eg savner nokre folk der. Har sånn ca kontroll på kvar alle guttene i 2. klasse og alle i 3.klasse skal. Inside information er kjekt (Ingebjørg har tjustarta skuleåret og kom ned i dag)!
Bortsett frå det har eg prøvd å pakke litt i dag. Det er ganske vanskeleg å konsentrere seg om pakkinga, tenk om alle kleda bare kunne fly ned i bagen av seg sjølv! Det var forresten eit hjartesukk:P Begynner vel kanskje å bli ferdig etter kvart. Det er strengt tatt ikkje meir enn 2 timer heim, og eg kommer vel kanskje til å reise heim eit par helger i løpet av hausten... Trur nok det ja!

torsdag 16. august 2007
Mine drømmer - KNUST!
Dette hørtest kanskje ganske grusomt ut. Men, eg kan berolige med at det ikkje er så ille. Historia er slik: i starten av ferien fann eg ut at eg skal gå til anskaffelse av data. Ting tar tid, eg fekk ikkje bestilt før søndag som var, men han som eg bestilte gjennom lovde at eg skulle få dataen seinast på tysdag. I dag er det som dere kanskje veit torsdag, og eg hadde enda ikkje høyrd noko om dataen min, heilt til telefonen ringte (dam dadam dam daaaaaam). Dataen min er knust i posten!! O ve og gru! I følge han med peiling var den ikkje fysisk knust, men når dataen blei forsøkt påskrudd, skurra det heilt forferdeleg. Men, ikkje så galt at det ikkje er godt for noko: Den nye dataen blir bestilt i kveld, kjem heim, og blir sendt videre til Kvitsund ferdig installert :D Så - det betyr med andre ord at eg kommer til å få STOR pakke i posten. Ser allerede for meg korleis den gule lappen på posthylla kjem til å sjå ut...
Litt tilbake i tid nå: i går var den store dagen her heime. Første kinoen etter sommeren, ikkje ringare enn "Harry Potter og Føniksordenen". Bygdekinoen lenge leve! Dei har til og med begynt å selge godteri der, ei stor forandring frå tidlegare tider...
I dag var min nest siste dag på jobb. Eigentleg ganske vemodig. Nå er det 8,5 timer i morgo, og eg er ferdig med texaco for alltid. Sørgeprosessen er starta (og til alle dere som lurte: ja, det er "min" stasjon som er til salgs på finn.no).
Litt tilbake i tid nå: i går var den store dagen her heime. Første kinoen etter sommeren, ikkje ringare enn "Harry Potter og Føniksordenen". Bygdekinoen lenge leve! Dei har til og med begynt å selge godteri der, ei stor forandring frå tidlegare tider...I dag gjorde eg borgarplikta mi. Førehandsrøysting er stikkordet som løyser alle spørsmål. Følte meg ganske blond der eg stod framfor maaaange lapper eg kunne velge mellom, korleis stemmer eg? Heldigvis fekk eg ei fyldig forklaring av mannen som var med meg (forresten sonen til den gamle dama eg har skrive om her før, ho som blei så god ven med meg.. jauda, små forhold her:D ) Du og du så vaksen eg var då eg kom ut med konvolutten i handa (eller?)
Akkurat no vurderer eg å begynne å pakke til den o store dagen laurdag. Men, kor mykje treng eg eigentleg pakke? Nesten alle tinga mine står på skulen, det er bare kleda mine som er her heime. Trur eg drøyer med å pakke til i morgo. Gleder meg forresten til kjøreturen til Kvitsund. Satser på at eg kan kjøre heile den laaaaange vegen. Så - dere som bur mellom Haukeli og Kvitsund bør passe dere i tida mellom 08.00 og 10.00 laurdag morgon! Ser dere ein rusten toyota vinglande bortetter vegane veit dere kven som sit bak rattet....
onsdag 15. august 2007
måndag 13. august 2007
SSSS (Sigrun som søppelmann(dame) skurrer)
Som eit resultat av fleire dager med intensiv rydding og kaos heime fann vi ut at det var ein god ide å kjøre til søppelplassen for å fjerne eit godt lass med meir eller mindre nyttige ting. Jauda. Oppgåva mi var å finne ut når søppelplassen er open (her i grisgrendte strøk er søppelplassen nemleg bare open ein dag i veka). Som den datanernen (?) eg er, søkte eg for å finne eit svar på dette store problemet. Resultatet var kvar måndag mellom halv eitt og halv 7. Derfor: I dag etter jobb lasta eg, mamma og pappa bilen med tilhenger fulle av diverse skrot, og eg og pappa vendte nesa mot Tykkås. Ehem, saken er at etter ein liten kjøretur, kom vi til ein LÅST PORT!!! Den fantastiske internettsida eg trudde var så veldig oppdatert, viste seg å vere frå 2004, og sidan 2006 har fast opningstid på Tykkås vore torsdag! Pappa var mildt sagt litt oppgitt, det er kanskje forståeleg med tanke på at han hadde lånt tilhenger og styrt verre i dag... Eg hadde kanskje litt dårleg samvittighet då vi kjørte heim igjen. Men, som vi prøvde å forklare pappa etterpå: Sjå lyst på livet! Eg fekk i alle fall øvelseskjørt litt i dag da, til og med med tilhenger! (veit ikkje kor lovleg det er, men men).
Som litt lett oppvarming til skulestart skal eg komme med eit godt begrunna (kanskje nesten to?) argument for kvifor det er så smart å gå på Kvitsund (eller kanskje litt skummelt i det eine tilfellet):
Du får nemleg kontakt med folk du ellers ikkje ville snakka med! (Eg har hendelser som bekrefter påstanden!)
Det heile starta etter at eg og Olav Magnus hadde vore på leir i sommer. Då vi blei henta på brygga utanfor leirstaden av heile familien, blei det klart at vi måtte stoppe i Lillesand på vegen tilbake til Grimstad. Som sagt så gjort. I Lillesand er det ein bruktbutikk. Eg er velsinga med foreldre - i alle fall ein far - som liker bruktbutikk. Det endte sjølvsagt med at vi for rundt i den butikken ei god stund. Etter kvart blei eg klar over at butikken er ein nlm-butikk (såg det på grunn av nokre aviser på disken). Som den Kvitsund-patrioten eg er, var det Kvtsundgenseren som var plagget den dagen. Det såg sjølvsagt dama i kassa, som gav seg ut i ein lang samtale med meg om Kvitsund og personalskiftet der. Ho var f.eks veldig nysgjerrig på rektorstillinga der. Joda, vi hadde ein laaaang samtale før eg fekk dradd med meg resten av familien ut i frisk luft.
Den andre historia er typisk for små plasser. På jobb for nokre dagar sidan kom det inn ei gammal dame. Eg kjenner ho ikkje, men har sjølvsagt basiskunnskapen i boks: namn, bustad, familie (barn, barnebarn..) osv. Dama smilte så fint, betalte bensinen sin, og PRATA! Eg spør: korleis visste ho at eg går på Kvitsund? Etter mi meining og ein liten samtale fann eg ut at ho veit skummelt mykje om meg! Korleis? Dama bur ikkje ei gang i Bykle, men ei lita grend litt lenger nord! Ho la i alle fall ut i det vide og det breie, spurde korleis det går, om eg var klar for skulen osv. Eg smilte og svarte så godt eg kunne. Ho var lei seg for at ikkje barnebarna hennar hadde gått på Kvitsund. Bla bla bla. Til slutt gjekk ho, og etterlot meg i ei ganske forvirra tilstand. Vel heime igjen fortalde eg det til mamma, den spontane reaksjonen hennar var hyllatter! Men, korleis kunne eg vite at den gamle dama var nlm-er langt inn i hjarterota? Trur dei grunnleggande kunnskapane mine om dama har svikta litt på det området. Sjå lyst på livet - eg fekk meg ein venn for livet (og eg veit kven eg skal gå til for å selge lodd på aksjonsdagen i februar...)
Det var mi grunngjeving for kvifor det er så innbringande å gå på Kvitsund. Respons blir mottatt med takk:P
Bortsett frå dette skjer det ikkje noko for tida. I morgo jobber eg 13 timer, trur eg er ganske død når eg kjem heim da! 
Skjønnheten og ???
onsdag 8. august 2007
Karius og Baktus
I går var eg til tannlegen. Det var ei oppleving eg kjenner i tennene mine enda. Ikkje trekk forhasta slutningar - null hull her i garden! Eit lite utdrag fra tannlegebesøket:
Tannl (på kristiansandsk): "Ja se hær ja, du har en streng bak tenna ettår reguleringa du hadde!"
Sigrun: "mhm"
T: "Dæn ska vi ta vækk i da tror æ nok"
S: "mhm"
T (finn fram bor og andre skumle remedier): "Vi må få vækk noe av den plastiken som hållår strengen på plass" - begynner å bore
T: "De va mye plastikk hær" - lita pause med mykje boring- "De va veldi så mye plastikk denna reguleringstannlegen hadde satt på da!" - prøver å rykke ut strengen uten hell - "Hmm, æ får vel bare fortsette å bore."
Til slutt klarte tannlegen å rykke ut strengen, men det var enda mykje plastikk igjen bak tennane, som han satt æra si i å fjerne.
T: "De æ litt vanskæli å fjærne all denne plastikken, æ ser ikke hva som æ plastikk å hva som æ tænna dine"
S: "mhm" (Litt vanskeleg å si noko anna med fjeksten ulike verktøy i kjeften). (auuu - der bomma han tydlegvis på tanna, lurer på åssen resten av kjeven min ser ut nå..)
I alle fall: RESULTAT: Frykteleg med klumper som henger fast bakpå tennane mine, til stor frustrasjon. Må og legge til ei fantastisk ising som ikkje var der før. Trur jammen meg at tannlegen fekk med seg noko av tanna og!
Men, nok om det. I dag har vore ein dag med mykje fri og fire timer arbeid. Kan overleve det! Følte meg forresten ganske viktig i dag, eg har solgt sjokolade og brus til ikkje mindre enn tre ordførarar, nemleg ordføraren i Bykle, Valle og Evje og Hornnes. Ooohhh, eg e important person, skulle bare ha sagt det! Ellers er det ikkje mykje nytt å melde, dagane går som regel til å sove, lese og jobbe. Men: Gleder meg som ein gal til Kvitsund!!!

måndag 6. august 2007
Urettferdig!
Åååh, nå har Ragnhild komme heim frå ei veke på lagsleir, og er heilt i hundre. Det er urettferdig! Eg vil og på leir! Men, mitt kall på denne jord er vel kanskje å stå i frityros og smile fint til alle som velger å stikke nesa si innom. Det er likevel ikkje så galt at det ikkje er godt for noko: i dag fekk eg tips :D Det er absolutt ikkje vanleg å få tips på bensinstasjoner, men i dag var eit unntak. Fekk 10 kroner av nokre tyskere fordi eg fylte nokre dunker med vatn for dei. Lettente penger! Nedtellinga til Kvitsund opner dørene sine igjen har også begynt for alvor. Fytti, trudde ikkje det var muleg å glede seg så mykje til skulestart... (men, er det skulen eg gler meg til då?) Har forresten lese to veldig bra bøker i det siste. Boklånet på biblioteket var heller katastrofalt i år, endte opp med mange dårlege bøker. Det endte med at eg måtte ta saken i egne hender, og kjøpte to bøker på salg. <3krim<3
Er litt stolt, for etter at eg las dei har pappa av alle i verden begynt å lese dei samme bøkene. Han er ferdig med ei allerede. (Til vanleg les han berre avisa..)
Men, i morgo er atter ein dag, jobben begynner klokka halv åtte, så eg får vel heller stupe i seng!

onsdag 1. august 2007
Sjallabais:D
Ja, vi elsker kalde dager! Dei siste dagane med kald fjelluft har ikkje vore så veldig helsebringande merker eg. Årets forkjølelsesperiode har starta, eg rekner med at den kjem til å vare til uti mai ei gang (noko som er ganske vanleg). Veldig gøy å skulle vere blid og serviceinnstilt på jobb i dag når eg heller følte for å ligge heime og sove. Feber, rennande nese og sår hals er ikkje så veldig gøy...
Hørte dagens kommentar: "Det er noko gale ein plass når det er kaldare her (Bykle) enn det er på Svalbard!". Så sant som det er sagt!
Bortsett frå jobben i dag var det nokre naboar som forbarma seg over meg. Blei invitert på middag: kompe! Gjett om eg smilte og takka ja til invitasjonen!
Huff, på sommeråpent nå sitter dei og snakker om utviklinga til bia. Bzz, kjempeinteressant å vite korleis hjernen til bia utvikler seg, og så kjempeflott at det blir gitt forskningsmiddel til prosjektet! Skulle nesten trudd at staten hadde for mykje penger...
Hoh, skulle klyppe plenen i dag, men eg "gløymde" å kjøpe bensin i dag, og så går det ikkje an å klyppe plenen i regnver!! Synd... Trur eg overlever med alternativet som er å sitte foran peisen med ullteppe og drikke te!
Blei forresten beskyldt for å ha tusta bort noen papirer på jobb i dag. Trur egentlig ikkje dei er så viktige, men eg satser på at det bare er dårleg leiting som har ført til at dei ikkje fant arka dei skulle ha. Får ta meg ei leiterunde i morgo...

Abonner på:
Innlegg (Atom)