tysdag 23. september 2008

Pause

I løpet av året på Hald har eg laga meg ein ny blogg der alle innlegga blir publisert, sjekk ut www.sigrun-i-nepal.blogspot.com

Der skal eg prøve å halde folk oppdatert på kva det er som skjer!

fredag 29. august 2008

Silent time

Her på Hald har vi ein halvtime fri kvar dag etter frukost før undervisning. Denne halvtimen blir kalla silent time, og vi kan bruke den som vi vil. Eg har ei fantastisk oppskrift (utvikla av meg sjølv) på korleis eg vil bruke denne tida:

1. Les Bibelen (10-15 min)

2. Be (ta deg litt tid, ikkje bare stress med å bli ferdig)

3. Sett på spor 9 på CD-en til Oslo Gospel Choir ("Gloria"). Denne sangen er velsigninga. Lukk att augo, helst hør på musikken med hørepropper for å stenge verden ute. Virkelig SLAPP AV, legg merke til teksten i sangen.


Dette har eg gjort kvar dag sidan eg kom til Hald, eg har aldri hatt bedre morgoner før! Heilt utruleg nydeleg å kunne legge dagen som ligg framfor i hendene til Gud, eg får ei heilt spesiell ro over meg etter denne halvtimen med egentid. Anbefalast!!

torsdag 21. august 2008

Nepali del 2

Nå er eg nettop ferdig med 2 timer språkundervisning. Dette er ikkje obligatorisk, men noko eg gjer frivillig opp til fleire gonger i veka. I tillegg til sjølvstudium. Yuhu, innsatsviljen er alltid på topp, det er i alle fall heilt sant og sikkert, sjølv om eg trur eg dropper det skriftlege i første sving....!
I morgo skal vi på båtur, typisk bli-kjent-tur til ein hemmeleg plass. Stas... Håper det fører til at eg lærer litt fleire namn i alle fall, kan kanskje ikkje skryte på meg at eg har den største hjernen når det kjem til å lære namn. Men, det viktigaste er å kunne namnet til dei på teamet mitt, og det er i boks :-) Når eg snakker om hjerne vil eg gjerne dele ei oppleving med mine trufaste lesarar: Kven hadde trudd at eg, Sigrun Egeland, kom til å savne matte? Ikkje eg i alle fall, men det er faktisk realiteten. Sit i timen og ønsker å kunne tørke støv av hjernen med litt algebra eller geometri eller sannsyn og statistikk! O fryd for dei heldige som får lov til det! Viss nokon har forslag til korleis eg kan opprettholde ein hjerne uten alt for mykje støv, hadde det vore bra å få svar!!


Likevel skal eg ikkje si noko på graden av utmatting. Trur det i alle tilfelle er ganske strevsamt å ha all undervisning på engelsk, og skulle forholde seg til alle rundt seg på engelsk. Men, det er bare å trøste seg med at dette bare er ein forsmak på korleis livet blir i Nepal. Gubban, eg skal til NEPAL! Det er bare heilt sprøtt, intet mindre... Vesle meg skal nesten til andre enden av jorda, det er i alle fall sånn det følest!Veit ikkje heilt om eg er klar for det, takker likevel for at vi har mykje god, interessant undervisning nå i forkant. Misjon, lederskap og fattigdom er hovudstikkorda. Du trur det kanskje ikkje, men dette er veldig interessante tema, og dei som foreles er veldig dyktige. Trur nok eg veks ein del på dette året uansett korleis det går eller ikkje går i Nepal! Men, då var det vidare i bloggsurfinga for i dag, må sjekke om det har skjedd noko i andre delar av verda!!!


Ståki!

søndag 17. august 2008

Nepali del 1

Miru nam Sgrun hå. Eg heiter Sigrun.
Ma kana khanchu. Eg et mat.
Timi kana kanchau. Du et mat.
Tapai kana khanuhuncha. Du et mat.


Hami khana khanchhau. Vi et mat
Timiharu khana khhanchau. De et mat.
Tapaiharu khana khhanuhuncha. De et mat.

Oh yeah! Eg er i gang!! Dette er kva eg skal kunne fram til i morgo eller noko slikt, i tillegg til å bruke andre verb og objekt. Språk er gøy, språk er frustrerande! Til nå har eg i alle fall ikkje funne kasus i dette språket, som i følge Bishnu ligner på indisk. EG SKAL SNAKKE INDISKLIGNAMENT I EIT HALVT ÅR! Korleis kjem dette til å gå?? Ikkje veit eg!

Telle til ti kan eg og, må kanskje avansere etter kvart, komme meg heilt til 20. Då skal eg vere fornøgd.

I dag har det vore gudsteneste i Mandal, mykje folk frå Hald var med. Fantastisk digg å vere i kyrkja igjen, orgelspelet var himmelsk, så eg var i godt humør etterpå :D Dagen fortsatte med nepali-kurs, det eg har vist over. I tillegg har eg lært to sanger, ein lokal nepalsk sang, og "Dette er dagen" - også på Nepali.

"Fjelltur" har det og blitt tid til i dag, men dette bildet er frå turen den andre dagen:
På veg opp til "toppen"

Da gaids er begge like fotogene:P Resten forklarer seg sjølv, eller eg forklarer neste gang. telefonen ringte nemleg...

fredag 15. august 2008

Hald!

Nå er eg altså her! Alt er nytt, spennande, annleis og utfordrande! Alt her går på (eller skal gå på) engelsk, det går som regel bra, men det er passe flaut å snakke engelsk framfor så mange som eg ikkje kjenner!!
For å starte med starten: På onsdag var eg med pappa på jobb. Vi reiste til Evje, og labba langt innover i skogen/fjellet. Til slutt kom vi inn til eit vatn (Gyvatn) der det blei gjort ei KOS-vurdering (eller noko slikt - kontroll og sikkerhet??) Då den var ferdig labba vi ned att, i øs pøs regnver og torever som skralla over hodet vårt... Ganske koseleg faktisk, det var ein veldig fin tur! Til saman gjekk vi mellom 15-20 km den dagen, altså ein kjempestart på eit skuleår... Eg kom til Hald og var ganske shaky i heile kroppen. Ho eg havna på rom med heiter Youa, ho er frå Laos og er ei knalljente. Ganske sjenert, men på morgonen kan vi prate i lag (Eg har funne nokon her som legg seg tidlegare enn meg, slå den!!!)
Det er ganske mange ulike folk her, mange ulike bakgrunner. Det er ganske godt å ha Liv Astrid til å prate med, i går var vi på tur til Mandal. Der var vi på oppdagelsesferd, vi fann eit utkikkspunkt der det var kikkert og eit slags "lysthus". Namnet på staden var Uranienborg, så nå veit du det!
I dag fekk vi oss faktisk den akkurat samme turen, det var 5-6 personar frå Afrika (Kenya, Uganda og Tanzania) som ville vere med opp til the utsiktspunkt. Derfor var guidane Litleskare/Egeland på plass med sitt store smil og utmerka engelsk. Alle kom seg heilskinna ned att, nesten... Er det ikkje bare typisk at når ein dreg med seg folk frå andre land på tur, møter ein på ein STÅLORM!!!! Folk hylte til, trudde det var ein giftig, farleg slange. Ikkje rart når dei er vande med svært farlege slangar til vanleg... Vi fekk beroliga, og i samme slengen forklart prinsippet bak den KJEMPEFARLEGE hoggormen:P
På skulen i dag hadde vi dobbelttime om ulike kulturar og deira sameksistens (eller noko slikt). Det var og litt fokus på korleis folk frå ulike stader ser ulikt på ting. Alt i alt ganske interessant! Etter det var det ein presentasjon av eigarorganisasjonane til Hald - NMS, Strømmestiftelsen og LAGET. Kvar org. hadde sin time til presentasjon, etterpå var det linjene som kvar for seg møtte den som hadde presantert organisasjonen. For NMS og Str.stiftelsen var det generalsekretæren, for LAGET var det onkelen min, Bendik. Sier litt om kor viktig han er :P
På Hald er det tre måltid til dagen, frukost (0800-0830), "lunch" (1300-1330), "Supper" (1730-1800). Etter dette - og mellom dette - er det ikkje noko mat å få, ganske hardt til tider, spesielt når det ikkje eksisterer noko slikt som eit fungerande fløykjøkken med komfyr! Men, vi overlever nok, akkurat som alle andre før oss!!
På neste innlegg skal det komme bilder, men akkurat nå er eg på datarommet uten tilgang til kabel frå kamera, så det får vere til neste gang!!!

laurdag 9. august 2008

Nytt innlegg

Ja ja, eg er klar over det, fantasien min har ingen grenser (sjekk overskrifta), men i dag har eg jobba full timelista mi, og det går utover hjernekapasiteten. Det er faktisk sant, timelista mi har 31 linjer eg kan skrive dager på, og i dag var ho full :o) Litt typisk er det at siste arbeidsdag er i morgo, og ei heil timeliste går med til å dokumentere EIN dag på jobb!! Men men, det er ikkje noko eg kan gjere med det. I dag hadde eg så mykje (lite) å gjere at eg sat meg ned og skreiv opp ein del av dei tinga eg irriterer meg over på jobb. Dei kjem her (nesten i prioritera rekkefølge):
-P4. Er du klar over kor mange gonger kvar dag dei speler kvar song? Eg trur i alle fall eg spyr snart. Spesielt den katzenjammersangen til Ane Brun og ein eller annan køntrifyr, den derre "lift me", og "nine million bicykles" av den andre dama. Lista over sanger som går på nervane mine er mykje lenger, men eg har aldri vore flink t å hugse namn på sanger og artistar (eller namn generelt..) Spel ein sang for meg, og eg skal gje beskjed om den går på P4!!

-Punkt to er kanskje noko eg bør bekymre meg i alle fall like mykje for: Turistar. Visste du at når turistar kjem til ein stad, så er det dei som er sjefen, og har plutseleg lov til å gå over alt. Advarselskilt gjeld viss ikkje der i garden! Døme: døra frå våpenhuset og inn i kyrkja er til vanleg lukka og låst når det ikkje er turistar, og vi guidane sit og følger med. På døra heng det eit A3-skilt med beskjed på norsk, tysk og engelsk om at folk ikkje må opne døra, men vente på omvisaren som har nøkkel. Det mest bisarre tilfellet eg har er ein mann som såg at eg kom med nøkkelen, men som likevel tok verkeleg sats, og røska HARDT i døra, så eg nesten såg korleis låsen blei herpa. GRRRRR! Drit i å øydelegge kyrkja mi!!
-Andre ting som kan gå på nervane til ein stakkar, er kollegaer som kjeder seg. Eg kan nemne: lyden på Edderkoppkabal begynner å bli slitsom etter 2 timer, og ei vifte som bråker meir enn 2.klasse i matsalen på Kvitsund bør kanskje og skiftast ut!

-Det hadde og vore greit om vi begge som arbeider samtidig kunne følge litt med, men det er kanskje litt for mykje forlangt:P Eg er i alle fall overbegeistra!

Nå skal eg slutte å syte! Det er fortsatt digg med ferie, på måndag har dei meldt 6 varmegrader, du det er deilig å bu i syden:P Men seriøst, det er faktisk ikkje så ille, lufta blir i alle fall klar og fin! Eg vurderer å få konto i Skandiabanken, dei har viss ganske bra betingelser for bruk av kort i utlandet, men veit ikkje kor mykje eg gidd styre med det. Dagen i morgo blir forresten ganske koseleg, ikkje bare er det siste dag på jobb, men Signe skal komme på besøk! Gler meg utruleg mykje til å treffe ho igjen, det er i alle fall sikkert!
Bortsett frå det er det kanskje ikkje så mykje å berette frå Bykle, skulestart er på onsdag, eg reiser heimanfrå klokka 10 på 7 på morgonen. Er i Kr.sand litt etter 10, skal møte Liv Astrid der, så reiser vi i lag til Hald. Skal bli fantastisk spennande å begynne på skule ein ny plass, men kanskje spesielt å reise til Nepal.. grugleder meg i alle fall:D

torsdag 7. august 2008

Ein sang for humøret mitt i dag:

We stand here together as a family,
we join hands together
lifting praises to the father above
for sending his son

We've chosen together as a family
to serve him forever
knowing nothing else will matter in time
we've made up our mind

Through the heat of the day
we will join in the fight
till he takes us away
to a place way up high
as for me and my house
we will serve the Lord

Choose you this day,
tell me who will you serve,
nothing stands in your way,
give the praise he deserves,
as for me and my house,
we will serve the Lord

We'll serve him
We'll serve him
We'll serve him
for he is worthy

We'll serve him
We'll serve him
We'll serve him
for he is worthy

Choose you this day,
tell me who will you serve,
nothing stands in your way,
give the praise he deserves,
as for me and my house,
we will serve the Lord.

Ut frå dette kan du sjølv finne ut korleis eg har det i dag....

laurdag 19. juli 2008

Sommer kommer...

Sommaren er her for harde livet, og Grimstad er plassen. Her har eg vore i ei veke no, og nyt "late" feriedagar. Til no har det ikkje vore ein heil dag med sol, alltid skal det komme skyer og vind i vegen for at eg skal bli brun... Eg har innsett fakta - eg kjem frå Noreg, og skal difor vere bleikfeit (sjølv om det ikkje er det eg eigentleg vil...)!
Denne første veka av min tovekersferie har gått så det har dundra. Det starta forrige laurdag då eg etter 6,5 timer på reise (vanlegvis tar det 2t 45 min) var i Grimstad. O fryd. Der hadde heile slekta på mamma si side invadert huset vårt, 15 personar i eit knøttande lite hus er ikkje noko å rope hurra for!! Tolmodighet og humør fekk ein virkelig pan
gstart når det gjeld å holde ut bråkete søskenbarn (OG SØSKEN!!!!) Pizza blei bakt av meg, 18 stykk, og av dei blei 14 etne opp. Skal ikkje si noko på apetitten i alle fall!! Då måndagen kom og dei fleste hadde reist, var det tid for avslapping. Heilt greitt - for den ordentlege ferien (les: arbeid) starta tysdag. Slåmaskina blei henta fram, Sigrun kommandert ut, og etter ein dag med svette, slit, vassblemmer og myyyyyyykje langt gras som blei korta betydeleg ned, var jobben gjort. Det var faktisk ei traumatisk oppleving, eg klarte å halshogge ei sleve/ein stålORM. Guri, eg hylte så fælt at Ragnhild meinte eg hørtes ut som ei blondine. Men, sitat Eivind Gjerde: "Vi blonde er ikkje bare dumme og deilige, ikkje sant Sigrun??" MEN, det er ganske ekkelt å nesten trampe på ein orm som ligg i graset og vrir seg i etterrykninger, mens hodet er ein annan plass og blod og gørr tyter ut.. ÆSJ!!!! Eg kjenner enda at den psykiske forma ikkje er heilt som den skal!Eg har til og med vore til byen, handling er stikkordet. Eg liker det når mamma insisterer på å betale, ikkje heilt mot min smak!!! Eg har i tillegg drive nedvask av hus. Ikkje innvendig, men utvendig. Fantastisk drittarbeid, må koste kvart bidige bord med ein børste, så eg er lokalkjent med plankane i huset. Men - kva gjer ein vel ikkje for å få blide foreldre??
I dag er det bollebaking på gang, regner med eg har laga 120-150 boller før eg er ferdig, i tillegg til 10 brød. Steinomn i kjellaren er stikkordet...
we snakes (tog du 'an??)

onsdag 9. juli 2008

Så va de påan igjen!

Fridagen er snart til ende, Raghild sit og ser på "Shakespeare in love", og eg depper. Kvifor deppe på ein slik fantastisk dag, vil nok dei fleste spørre seg. Svaret er enkelt, men grusomt: min kjære tobleroneklump, sambuar osv, Ingebjørg har reist. Fantastisk nok kom ho på besøk til meg i grisgrendte Bykle i går, men måtte reise att no. Derfor er det tid for tårer og mørke tanker. Det er EIT HEILT ÅR til neste gong eg treff denne fantastiske jenta...
Dagen har gått med til å "gjere" Bykle, noko som var gjordt på omtrent ein halv time, og då var det meste sett. Håper forresten ho ikkje blei alt for skremt av bestefar Egeland som var på besøk. Han hadde tydelegvis munndiarè, kanskje ikkje heilt ideelt...

Ein oppdagelse har eg og gjort sidan sist: visste du at Haukeli ligg midt mellom Bykle og Høydalsmo?? Ikkje eg heller, før eg fann det ut!!

Bortsett frå det går dagane med til å arbeide, det er fantastisk kor mange rare spørsmål ein kan få i løpet av eit par dagar, men det får eg ta igjen ein annan dag...

tysdag 1. juli 2008

Svar på mas og litt anna...

Det er alltid like flott å jobbe, eg har funne ut at alle dagar er "like". Eg sit i sofaen heime og hører på at Ragnhild, mi eminente eldste veslesøster hamrer laus på pianoet. For tida er vi ikkje bare søstre, vi er og kollegaer. O fryd er min kommentar til det, faktisk ganske koseleg å arbeide i lag med søstra si. I dag var det spesielt "slitsamt" å arbeide, så eg tok meg den frihet å stirre på ei flue i i alle fall 5 minutt. Dette var ei babyflue som ikkje hadde heilt velutvikla sugekoppar på føtene sine heilt enda, så kvar gong vesle Frodrik prøvde å klatre opp vindauget, datt han ned att med ei gong. Ganske interessant å sjå på ei fluge som dett, men det er fakta!!Alle sammen - si hallo til Frodrik!!! (ser du han??)

Når eg først er inne på dyreverda kan eg informere om at mangfaldet i dyreriket i Bykle ikkje er det dårlegaste verda har sett. Eg var på veg til jobb for nokre dagar sidan, gjekk faktisk til ei forandring, og medan eg gjekk såg eg i bakken. Då eg såg opp måtte eg stoppe. Ikkje meir enn 20 meter framfor meg var det to elgar, som stod og stirra på meg. O fryd, hadde eg vore eminente frøken Austefjord hadde eg vel vore redd for at dei skulle hoppe i strupen på meg, men som den "naturkjennaren" eg er visste eg at dei er reddare for meg enn eg er for dei. Sjølvsagt hadde eg rett, elgane lunta fort sin veg, for ikkje å komme for nær meg...
Andre dyr er det og fullt av i Bykle. Stikkord: "bæ bæ lille lam". Sjølvsagt har 5 søyer med lam funne ut at det ikkje er så kult å bu på fjellet heile sommaren, så dei har allerede komme ned att. Hurra. Dei har drite (MYKJE!!) rett utanfor kyrkjedøra, så eg har stått med spade å grove vekk sauedrit på størrelse med kuruker! Ingen kan komme her og komme her og si til meg at omvisaryrket ikkje er mangfoldig!!
Eg har og funne ut at eg bør melde meg på eit "korleis snakke tydeleg"-kurs. Etter endt omvising kan ein nesten vere sikker på at folk spør meg kva eg gjer på til vanleg, og eg svarar at eg skal begynne å studere (sanning med modifikasjonar). Oppfølgingsspørsmålet då er sjølvsagt kvar eg skal studere, og eg seier Bergen. I dag fekk eg til svar "oh - why Belgium?" Prøvde å forklare at det var Bergen i Noreg, men det var visst ikkje så lett å forstå. Så - til alle som lurer så skal eg frå september av studere i Belgia..
Pappa er tydelegvis veldig blid i dag, går rundt og syng for seg sjølv: "jag vill leva, jag vill dø i Sverige", "Du gamla, du fria, du kjepphøga nord". Trudde eigentleg han kom frå Kristiansand, men det var visst feil...
Den eine guiden er både fotogen, nydeleg og søt...
...og det er jammenmeg den andre og!!
Dagens tips såg slik ut!
Deutschland, Deutscland über alles!!

måndag 23. juni 2008

Tamtitei

DrrrrrrrBOFF, då var bloggen min offisielt opna for trafikk att. Håper at dei fleste har fått med seg at eg kom meg trygt heim att frå Mali...



Det einaste eg har i hodet for tida, er avslutninga på Kvitsund, som var på laurdag. Fantastisk trist, men ei fin avslutning på tre utruleg bra år!! Men, før sjølve avslutninga var det vaskedagar, der Ingebjørg fann utruleg mykje interessant på badet vårt. Eit bilde verdt i alle fall... Ein ting som er sikkert er at eg kjem til å sakne å torturisere denne jenta kvar dag, med hyl, skrik og høgfrekvente nattasanger. Men, eg får vel muligheten igjen viss eg vil...



For folk som ikkje e veldig oppdaterte, kan eg opplyse om at eg skal til Nepal til hausten. 6 mnd frå oktober til april er fasitsvaret på kor lang "turen" blir. Før og etter skal eg tilbringe tida mi på Hald Internasjonale Senter i Mandal, så til hausten har eg muligheten til både å bli sørlending og nepaleser... Veit ikkje heilt kva som er mest attraktivt, eg... Takk og pris skal nokon andre frå Kvitsund også til Hald, det var ganske digg å sleppe å si hadet til Hilde og Liv Astrid etter Kvitsund. Vi skal eige alle dei andre til hausten, eller???


Ellers har eg begynt å jobbe, første arbeidsdag i går (søndag). Den aller første omvisinga eg hadde i kyrkja i år, var av alle ting på tysk. Håper det kan sette standarden for sommaren litt, det er gøy å bruke språka ein "kan".. I går fekk eg forresten skryt av SMILEHOLA mine, trudde eg skulle dø, og venta bare på at ein viss mr. Hegna skulle komme inn med "lolers!", klarer ikkje komme bort frå kommentarar om dei små hola i kvar av kjakane mine, eg. Ellers er det greit, men kaldt på jobb, i går hadde det vore minusgrader på Hovden på natta, høgaste dagtemperaturen var under 10 grader, så eg gjekk og hakka tenner. Det er ikkje alltid like greitt å ha ein jobb der ein ikkje kan varme opp huset ein skal vere i...

Men, dette er allerede eit alt for langt innlegg, vil bare legge ved nokre blinkskot på slutten:










Kurt - eg ser deg... ...enda..






Bokbål.... Peter er veldig aktiv:P





Beste klassa ever!!
Til slutt må eg bare si 580 000 KRONER!!!! fatter ikkje at det går an, men det gjer det tydelegvis :D Desse pengane kjem garantert til nytte i Mali!!!