Nå er eg altså her! Alt er nytt, spennande, annleis og utfordrande! Alt her går på (eller skal gå på) engelsk, det går som regel bra, men det er passe flaut å snakke engelsk framfor så mange som eg ikkje kjenner!!
For å starte med starten: På onsdag var eg med pappa på jobb. Vi reiste til Evje, og labba langt innover i skogen/fjellet. Til slutt kom vi inn til eit vatn (Gyvatn) der det blei gjort ei KOS-vurdering (eller noko slikt - kontroll og sikkerhet??) Då den var ferdig labba vi ned att, i øs pøs regnver og torever som skralla over hodet vårt... Ganske koseleg faktisk, det var ein veldig fin tur! Til saman gjekk vi mellom 15-20 km den dagen, altså ein kjempestart på eit skuleår... Eg kom til Hald og var ganske shaky i heile kroppen. Ho eg havna på rom med heiter Youa, ho er frå Laos og er ei knalljente. Ganske sjenert, men på morgonen kan vi prate i lag (Eg har funne nokon her som legg seg tidlegare enn meg, slå den!!!)
Det er ganske mange ulike folk her, mange ulike bakgrunner. Det er ganske godt å ha Liv Astrid til å prate med, i går var vi på tur til Mandal. Der var vi på oppdagelsesferd, vi fann eit utkikkspunkt der det var kikkert og eit slags "lysthus". Namnet på staden var Uranienborg, så nå veit du det!
I dag fekk vi oss faktisk den akkurat samme turen, det var 5-6 personar frå Afrika (Kenya, Uganda og Tanzania) som ville vere med opp til the utsiktspunkt. Derfor var guidane Litleskare/Egeland på plass med sitt store smil og utmerka engelsk. Alle kom seg heilskinna ned att, nesten... Er det ikkje bare typisk at når ein dreg med seg folk frå andre land på tur, møter ein på ein STÅLORM!!!! Folk hylte til, trudde det var ein giftig, farleg slange. Ikkje rart når dei er vande med svært farlege slangar til vanleg... Vi fekk beroliga, og i samme slengen forklart prinsippet bak den KJEMPEFARLEGE hoggormen:P
På skulen i dag hadde vi dobbelttime om ulike kulturar og deira sameksistens (eller noko slikt). Det var og litt fokus på korleis folk frå ulike stader ser ulikt på ting. Alt i alt ganske interessant! Etter det var det ein presentasjon av eigarorganisasjonane til Hald - NMS, Strømmestiftelsen og LAGET. Kvar org. hadde sin time til presentasjon, etterpå var det linjene som kvar for seg møtte den som hadde presantert organisasjonen. For NMS og Str.stiftelsen var det generalsekretæren, for LAGET var det onkelen min, Bendik. Sier litt om kor viktig han er :P
På Hald er det tre måltid til dagen, frukost (0800-0830), "lunch" (1300-1330), "Supper" (1730-1800). Etter dette - og mellom dette - er det ikkje noko mat å få, ganske hardt til tider, spesielt når det ikkje eksisterer noko slikt som eit fungerande fløykjøkken med komfyr! Men, vi overlever nok, akkurat som alle andre før oss!!
På neste innlegg skal det komme bilder, men akkurat nå er eg på datarommet uten tilgang til kabel frå kamera, så det får vere til neste gang!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Kult kult kult. Håpe du ikkje dør av sult. Detta blir et kort innlegg, du brukte opp all plassen i det du hadde på min blogg. Kos
Nesten militærtider på måltida:P laurdag og sundag er det berre to måltider her.. brunch og middag, elles er det mat 0615 til 0745 ca , lunsh 1,5 timer midt på dagen (ganske mange som skø ha mat 500 stk kanksje.. og middag frå halv 4 til halv 6.. smøre niste til kvelds..
D e godt å høyra at du e på plass! Kos deg!
Legg inn en kommentar